I dag, 16. november, er FN sin dag for toleranse, Den Internasjonale Toleransedagen.
På FN sine nettsider, står det:
«I ei mangfaldig verd der ulike folk og individ flyttar på seg, lever saman og er avhengig av kvarandre, er toleranse essensielt for at eit samfunn skal lukkast. Toleranse er ei motvekt til rasisme og valdeleg ekstremisme.»
ja, eg er her eg også
og tek opp omtrent like mykje rom som du
ser du meg, eigentleg, eller er du hilda, og ser kun noko framand du ikkje tør verte betre kjend med?
eg er ikkje høyrselshjelpemidla mine, teiknspråket mitt
eg er ikkje synshjelpemidla mine, blindestokken min
eg er ikkje framkomsthjelpemidla mine, protesene mine
eg er ikkje stimminga mi, stotringa mi, ticsa mine, høyrselsvernet i bybiletet
eg er ikkje legninga mi, kjønnsidentiteten min
eg er ikkje morsmålet mitt, kulturen min som eg tok med meg hit og som du ikkje kjenner eller forstår
hjartet mitt bankar likt som ditt
ser du meg, eigentleg?
maktar du å sjå forbi det som gjer deg usikker?
#DenInternasjonaleToleransedagen