Vestlending i Oslo. Viktige stikkord: Skule, fotball, adhd, nynorsk og tysk, teikning, musikk og bøker, is og kaffi, vulkanar, saum.
Posts
Det finaste i dag? Å spontant møte att ein tidlegare elev etter barnetoget - no var han mykje høgare enn meg og på full fart ut i vaksenlivet. Det er fint og rørande.
Eg trudde det skulle bli kaldt i dag. Kvinne (52) på veg til barnetog med litt høgare puls enn vanleg prisar heitebølgene. Dette blir ein lang, fin og intens formiddag. Me er skule nummer 102, så det blir lenge å vente.
God morgon og gratulerer med grunnlovsdagen! Eg ønsker at dagen blir god uansett korleis du markerer den. 🇳🇴🌿🍦
Eg synes den forskjøvne russetida har gjort mai litt gråare. Mai treng russen frå starten av, det me driv på med no er berre dumt.
Kom på jobb og fekk ei dør rett i fleisen. «Gjekk det bra?»
«Ja, eg treng berre meir kaffi».
Fotball
Pakka sammen sakene mine frå stasjonsundervisninga i 2. klasse og gjekk rett til møte med ein kollega. Det var raskt unnagjort og då me gjekk ut, satt ein gjeng frå 5. klasse utanfor.
“Hvorfor har du Lego? Har dere bygd Lego?” kom det frå ein av elevane.
“Ja, vi pleier å møtes etter undervisning for å bygge med Lego”, svarte kollegaen, med heilt blankt andlet.
Uttrykka til elevane var ubetaleleg!