Historielektor som er glad i dataspel, politikk og litteratur.
Historielektor som er glad i dataspel, politikk og litteratur.
Posts
Historielektor som er glad i dataspel, politikk og litteratur.
Historielektor som er glad i dataspel, politikk og litteratur.
Eg synst Sjølpolarisering har vorte ein kjempeinteressant podcast, som altså Manifest Media og Minerva lagar saman.
I episoden her talar dei om korleis vennane til Israel og Palestina gjerne talar forbi kvarande. Eg synst dei gjorde eit godt forsøk på å nøste i kor usemja ligg, i alle fall hos dei som ikkje har tilta heilt.
https://omny.fm/shows/m-mir-marsdal/sj-lpolarisering-apartheid-etnisk-rensing-israel-1
#sjølpolarisering #palestina #israel #norsktut #podcast #internasjonalpolitikk #midtausten #apartheid
Historielektor som er glad i dataspel, politikk og litteratur.
Kari Kristensen har skrive ein flott hyllest til arbeidsfolk i utelivsbransjen. Mange av dei står no i streik for tryggleik under sjukdom, og høgare lønn.
God første mai, folkens!
#arbeidarrørsla #1mai #norsktut #sosialisme #fagrørsla #streik
https://www.dagsavisen.no/kommentar/til-mine-4000-helter/10324841
Historielektor som er glad i dataspel, politikk og litteratur.
Denne episoden hos "Mímir og Marsdal" har ei historie som eigentleg fortel det meste ein treng å vita om korfor det er viktig å vera fagorganisert.
#fagrørsla #fellesforbundet #mimirogmarsdal #norsktut
https://omny.fm/shows/m-mir-marsdal/mcklassekamp-i-v-r-tid-morten-sandanger-m-m-135
Historielektor som er glad i dataspel, politikk og litteratur.
Jessda! Lånekassen slettar 25 000 av studielånet mitt fordi eg bur i ein distriktskommune!
Historielektor som er glad i dataspel, politikk og litteratur.
Triste tal frå #SIPRI. Militærbudsjetta aukar globalt. Kvar krone som går til krigsførebuingar, er ei krone som ikkje går til å dekke menneskelege behov.
Historielektor som er glad i dataspel, politikk og litteratur.
Det her er vel ei sjeldan innrømming av at det er USA som er sjefen og når som helst kan få Israel til å stoppe herjinga si, ikkje berre i Libanon, men også på Gaza og Vestbreidda.
Historielektor som er glad i dataspel, politikk og litteratur.
Her er #LO fullstendig ute og syklar. Kva held dei på med? Eg er einig med Skolenes Landsforbund i at lærarnorma i seg sjølv ikkje treng å vera hogd i stein, men ein eller annan maksgrense for kor mange elevar ein kan ha i kvar klasse er viktig.
I dag ligg ansvaret for å oppfylle lærarnorma på kvar enkelt skole. Det trur eg er ein mykje betre løysning enn å overlate ansvaret til kommunar som i praksis berre må forvalte kutt.
Historielektor som er glad i dataspel, politikk og litteratur.
"Det var sjølvforsvar! Statuen gjekk til åtak først!"
Historielektor som er glad i dataspel, politikk og litteratur.
40 av dei 47 demokratiske senatorane røysta for å blokkere våpeneksport til Israel. Eg trur det er vanskeleg å forstå kor dramatisk endringa har vore i korleis Israel blir forstått i USA.
No er det jo mogleg å håpe på at dei sju som framleis støttar apartheid- og folkemordstaten ikkje blir attvalt ved neste høve.
Historielektor som er glad i dataspel, politikk og litteratur.
Den norske distriktspolitikken frå 1960- og 1970-talet er stort sett stein daud. På denne tida sank faktisk folketalet i Oslo. I dag aukar storbyane monaleg, og utkantstrøka blør.
Eg synst ordninga med kutt i studielån for dei som vel å busetja seg i små kommunar er eit glimrande forsøk på å gjenopplive distriktspolitikken. Sånt tel mykje for folk.
#norsktut #studielån #distriktspolitikk #norskpolitikk
https://www.nrk.no/sorlandet/lanekassen-har-sletta-870-millionar-i-studiegjeld-1.17847493
Historielektor som er glad i dataspel, politikk og litteratur.
Historielektor som er glad i dataspel, politikk og litteratur.
@rokje@snabelen.no har skrive ein god kritikk av amerikaniseringa av eit par norske krimseriar. Serien "Mordet i Sogn" byggjar på amerikansk arverett i eit vestnorsk samfunn. "Harry Hole" skildrar ei oppseiingsprosess kor fagforeininga ikkje eksisterer, i eit politivesen med nesten full organisasjonsgrad.
Kan ikkje skodespelarane tale amerikansk-engelsk neste gong, så slepp vi illusjonen om at vi er noko anna enn amerikanarar i hovudet?