Post #2655010
2026-04-24 08:22 UTC
Høgt stiger eit rop som når nykken ropar,
og drepin mann under tufti;
og verdi vert svart av dei harme hopar,
og det gjeng havbrak i lufti.
De rædde rømer av rike salar
og søkjer gøymsle i berg og dalar
og bed um ro,
og sig i blod;
og det gjeng havbrak i lufti.
Replies (1)
-
@tiram@oslo.town 2026-04-24 08:22
De liter på det at me tagde lengi og er so tòllege og seine. De kyter til Gud; han skal setja stengje og verja dei rike og dei reine. Men ramnar skratar og skrik i lufti; og menn seg sankar i uvêrskufte; og hadde de kvar avgud med, so held me domedag åleine.