Post #2655011
2026-04-24 08:22 UTC
De liter på det at me tagde lengi
og er so tòllege og seine.
De kyter til Gud; han skal setja stengje
og verja dei rike og dei reine.
Men ramnar skratar og skrik i lufti;
og menn seg sankar i uvêrskufte;
og hadde de
kvar avgud med,
so held me domedag åleine.
Replies (0)
No replies.