Kjerstin Gjengedal
kgjengedal@snabelen.no
<p>Frilansjournalist, skriv om forsking og forskingspolitikk og podkastar om økonomi.<br />Norwegian freelance journalist, main topics research & research policy.</p><p>Other interests: Fantastic fiction, boardgames, neoluddism, heterodox economics, history and sociology of science, food systems, music (the kind they play in orchestras).</p><p>Toots in Norwegian, reads/boosts in English, French, Dutch and occasionally German.</p>
Posts
-
Post #3985826
No loggar eg straks av for å stupe inn i orkestersommarleirbobla, og då må eg jo først tipse om konserten vår neste laurdag i sjølvaste operahuset på Eid! Ser dei har gløymt å opplyse om programmet på nettsida, så her kjem det: Ouvertyren til La forza del destino av Verdi, Morceau de concert for harpe og orkester av Saint-Saëns, og symfoni nr. 4 (den romantiske) av Bruckner. Kom kom! https://operahuset.no/vestlandsk-sommarsymfoni-2026/ #norsktut #kulturtut #musikk #konsert
-
Post #3487277
Forbrukartrendspørsmål: Er det framleis airfryer som er den siste må-ha kjøkendingsen, eller er det komen ein ny må-ha dings i det siste som eg ikkje har fått med meg? #norsktut
-
Post #3471164
"It’s important, once again, to separate the work of *news* — breaking headlines, emergent facts — from *journalism’s* work to provide context and meaning. The first is a commodity; the second is both inherently community-driven and has always been more valuable." https://werd.io/journalism-is-rearranging-the-deckchairs-it-needs-to-reinvent-itself/ #media #journalism
-
Post #2794113
Kjenner eg tilfeldigvis nokon i bergensområdet som har den siste boka til Bjørn Samset (Energirevolusjonen) og er villig til å låne henne vekk nokre veker? Køen på biblioteket er uendeleg lang, og bokhylla mi toler ikkje at eg kjøper henne (i alle fall ikkje ulest). #norsktut #MastoHjelp #boktut
-
Post #2794112
Blir meir og meir overtydd om at framtida for informasjonsdeling er klistremerke på trafikklysstolpar. #google #norsktut
-
Post #2794111
&quot;Google is betting its entire future on a world where people eagerly hand over their emails, their files, their habits, and their trust – to an AI system that will quietly auction off their attention, word by word, to the highest bidder. The ad infrastructure is ready. The question is whether the audience is.&quot; https://matthiasott.com/notes/ad-infinitum #google #AI
-
Post #2794110
Dagens fangst frå korga hos Kiwi med frukt og grønt som er på grensa eller har fått hol i forpakninga. Samla pris: 100 kr. #dagligvarer
-
Post #2120486
RE: https://mikrobloggen.no/@slips/116527106932155906 Meiner dei ikkje eigentleg &quot;fredsfrykt&quot;?
-
Post #1811745
No er det jo på høg tid å minne om konserten vår i Nykirken neste søndag: https://gjer.no/events/9ecfddce-1114-4b4d-9e86-f246632858b3 #Bergen #DetSkjer #oppslagstavla #kulturtut #konsert #norsktut
-
Post #941402
Då var det min tur til å bli BankID-offer: Eg skulle kjøpe ei reise på nett, som eg har gjort mange gonger før. Men denne gongen fekk eg ei feilmelding om at kjøpet ikkje kunne gjennomførast fordi eg ikkje har bekrefta identiteten min hos BankID. Og det stemmer jo. Eg brukar ikkje BankID-appen, berre kodebrikke, og difor har eg ikkje fått noka melding i appen om at eg må bekrefte ID. Eg vil jo ikke ha appen, kodebrikka fungerer (til no) heilt supert, og eg har sjølvsagt eit langsiktig 1/2