Erlend Aasland
erlendaasland@snabelen.no

CPython Core Developer, musikar med Tønes og Randi Tytingvåg. Elles: syklist og språknerd. Europeiske alternativ er å føretrekkja.

Bakgrunnsbilete på profilen er tatt av @baardhaveland.

Posts

Post #2938236
Fant ut at SFO visar voldeleg KI-slop ("Minecraft-videoar") for ungane på andre trinn kvar onsdag. Her er dei altså fleire utdanna pedagogar på jobb og ingen av dei har tenkt at dette er ein dårleg idé.

Post #2938235
Oi, favorittbandet mitt har sloppe ny plate! #spelarno Mørke refrenger av Sudan Dudan: https://open.qobuz.com/album/sn1a1sqxdgdvj #musikktips

Post #2938234
Å registrera funn på artsobservasjoner.no er eit bra verktøy i kampen mot utbygging. Moro for ungane er det òg!

Post #2938233
Me skal iallfall ikkje få skjørbuk når russarane kjem. Årets første ladning rabarbra vog 19,8 kg, ferdig reinsa. #manuellkunnskap #kjøkkenhage

Post #2938232
Her må Karianne Oldernes Tung (og alle oss andre) følgja med i timen: Det franske digitaliseringsdepartementet (DINUM) og den franske folketrygda prioriterer digitalt sjølvstende og går bort frå løysningar som ligg utføre Europa. MAO, dei byter frå Windows til Linux. I år. Applaus! https://www.numerique.gouv.fr/sinformer/espace-presse/souverainete-numerique-reduction-dependances-extra-europeennes/

Post #2938231
Nyttar langhelga til å flytta over skylagring frå pCloud til Jottacloud, og oppdaga mellom slaga at Jottacloud har eit kommandolinjeverktøy. Som om eg ikkje var solgt allereie!

Post #2938230
I løpet av dei siste fjorten dagane har eg gjort komplett umoglege ting, dersom ein skal tru Frp og bilentusiastar frå livets harde skule: eg har handla hjå Ikea og Plantasjen PÅ SYKKEL! Dette er visstnok heilt vilt. (Ev. heilt normalt for oss andre.)

Post #2938229
Eg er ingen statistikar, men eg forstår ikkje at å intervjua 300 av 5.633.770 personar kan gje god empiri. Ein burde vel i det minste dekkje ein halv promille av det totale utvalet?

Post #1867950
Plutseleg slepp The Milk Carton Kids plate igjen. For ei gledeleg overrasking på ein fredag. https://open.qobuz.com/track/374823309 #musikktips #spelarno

Post #1867948
Nokre fordommar har ein fordi det er ein kime av sanning i dei. Til dømes Oslo vs. periferien (resten av Noreg).

Post #1867947
Det er sjukt usportsleg av #GoAhead å innstilla nattoget rett før avreise! #fyskam #jernbanereformenkandratilhelvete

Post #1867946
Innertiar frå Cecilie Langum Becker om sosiale medier, aldersgrenser og loven: https://www.nrk.no/ytring/fy-soren_-det-blir-deilig-med-litt-hjelp-1.17859973

Post #1867945
Andreas Bjørnbekk skriv skarpt om Palantir og deira teknofascistiske manifest i Klassekampen av 24. april.

Post #1867943
Kor gale skal det bli før politikarane tek skikkeleg tak i dette? https://www.nrk.no/klima/klimaendringene-gjor-at-europa-varmes-opp-dobbelt-sa-fort-som-verden-1.17838793

Post #1867942
Førebur Meta-exit denne veka. I rute, enn så lenge. Ikkje gje pengar til milliardærane.

Post #1867940
Ein kollega av meg meinar at Adlibris er nordens Amazon. Eg synes det er litt vel krast. Dei har då vitterleg ingen Jeff Bezos i toppen, ei heller driv dei systematisk kamp mot arbeidarane. Køyr debatt!

Post #1867939
Murena er interessant. Her har du E2E-kryptering (e-post, kalender, skylagring, etc.) i tillegg eit mobilt OS. https://murena.com

Post #1867938
Hamna plutseleg tilbake i britisk big beat. #spelarno Chemical Brothers, Prodigy og Fatboy Slim. 90-talet held seg godt! Qobuz har laga ei fin liste: https://play.qobuz.com/magazine/story/PFXBPL2E5RNPZA2KF2UF45ZJDQ #musikktips

Post #1867935
Praktisk beredskap, eller «manuell kunnskap» som Ole Thorstensen kallar det. #potetlandet

Post #1575834
Takk, Vera Kvaal, for at du skreiv denne artikkelen: https://www.nrk.no/kultur/xl/tiltak-som-gjor-livet-enklere_-oker-ensomheten-1.17800526

Post #1575825
Dagens dyslektiske: "Satan overtar Fensfeltet".

Post #1575814
Kanskje profetien min om ein Arbeiderpartiet/Høgre-regjering slår til: https://www.nrk.no/nyheter/soreide-om-vestre_-_-forbereder-seg-pa-a-bli-finansminister-1.17856189

Post #1575812
Eg vil berre minna om at med Frp ved makta kan me få amerikanske tilstandar: https://www.nrk.no/norge/frp-vil-ha-ettarig-utdanning-for-vaepnet-vaktpoliti_-_-kan-skape-amerikanske-tilstander-1.17846510

Post #1462330
Trump veit jo ikkje ein gong kva [ein] sivilisasjon er.

Post #1462329
Eg har sletta 20k epostar frå GMail-kontoen min, alt som var lagra på Google Drive, samtlege kalendarar, etc. Likevel påstår Google at eg har brukt 53% av 15GB lagringskapasitet (same som før sletting). Det er litt urovekkande. "Delete forever" my ass.

Post #1462328
Ein av favorittfunksjonane mine i Qobuz er at du kan klikka deg inn på plateselskapet når du høyrer eit album. Der kan du sjå alle albuma som er utgitt på den labelen i kronologisk rekkefølgje. T.d. https://play.qobuz.com/label/18544

Post #1462327
Stas når folk likar det me held på med: https://www.nettavisen.no/kjendis/sterk-og-vakker-lengsel/r/5-95-2974978

Post #1462326
Rutte må gå.

Post #1462325
Discombobulated er eit sprikande album. Det startar og sluttar sterkt. Clear Pools er ein favoritt. Eg er sjukt svak for lange frijazztrommeintroar (slapp av, songen går fort over i nydeleg, repetitiv ambience a la noko Brian Eno sikkert kunne skrive under på). #spelarno: https://open.qobuz.com/track/378022987 #musikktips

Post #1462324
Gledeleg start på veka. #ungarn