Elektrine lite

← Feed

@vegafjord@bustyvelbolet.no

Post #2824268

2026-05-24 15:13 UTC

Ordet "revolusjon" kjem frå ordet "revolve" som tyder å snurra rundt. Me kan kanskje tolka det som ordet "omvending". Revolusjon kan gjerne tenkjast på som det å kveltra ned eit styre, for å setja på plass eit nytt styre. Det er i alle fall sånn revolusjonar har skjedd i eldre tidar. Den franske revolusjonen og den russiske revolusjonen. Eg trur ikkje på at me blir frie ved å styrta dei øvste, men eg synes at revolusjon er eit fint ord lell med tanke på at det får oss til å drauma.

Replies (0)

No replies.