Elektrine lite

← Feed

@huftis@toot.io

Post #2164122

2026-05-06 20:02 UTC

RE: https://framapiaf.org/@davidrevoy/116528354348935659 Og her er den nynorske omsetjinga av stripa denne veka: https://www.peppercarrot.com/nn/miniFantasyTheater/051.html Eg har ikkje tipsa om stripene frå dei siste vekene, så her kjem det, litt forseinka: I episode 50 oppdaga eventyraren farane med lynreiser: https://www.peppercarrot.com/nn/miniFantasyTheater/050.html I episoden før møtte han på manipulerande (interiør)design: https://www.peppercarrot.com/nn/miniFantasyTheater/049.html På slutten av episode 48 kunne eventyraren kanskje minna litt om vår eigen Oskeladden, «som har slikt å gjera – har slikt å bera»: https://www.peppercarrot.com/nn/miniFantasyTheater/048.html I episode 47 prøvde han lukka og utfordra skjebnen: https://www.peppercarrot.com/nn/miniFantasyTheater/047.html Og i episode 46 fekk forkortinga KI ei ny tyding (iallfall i nynorskversjonen vår): https://www.peppercarrot.com/nn/miniFantasyTheater/046.html #teikneseriar #tegneserier #nynorsk #norsk #frikultur #norsktut #allheimen

Replies (0)

No replies.