Elektrine lite

← Feed

@huftis@toot.io

Post #1811739

2026-04-29 19:51 UTC

Eg har i mange år abonnert på blant anna Bergens Tidende (#BT), og har vore godt fornøgd med det. Men i går sende dei meg e-post om at dei no tvingar oss abonnentar over på ei «betal eller bli spora»-ordning («Schibsted annonsevalg»). Dette er ei type ordning som #Forbrukarrådet skildrar som «veldig skadelig og ulovlig»: https://www.abcnyheter.no/nyheter/schibsted-skal-ta-betalt-for-a-ikke-hente-inn-personopplysninger-skadelig-og-ulovlig/1509422 Min «måte å tilpassa meg dette landskapet på, på ein transparent og ansvarleg måte» (for å bruka deira eigen ordlyd i grunngjevinga for innføringa av ordninga), er derfor å seia opp abonnementet! Oppfordrar alle andre abonnentar til å gjera det same! (Same ordning vert innført for #Aftenposten, Stavanger Aftenblad, #VG, #E24 og Dine Penger og podkast­appen #Podme.) Så i staden for at eg må betala nærare 500 kroner i året for å ikkje dela personopplysningar, sparar eg nærare 5 000 kroner i abonnements­utgifter (hadde «Full tilgang»-abonnement). Forslag til kva eg eg skal bruka dei sparte pengane på? #allheimen #norsktut #PayOrConsent #PayOrOkay #Schibsted #forbrukerrådet #personvern

Replies (0)

No replies.