Post #1805346
2026-04-27 10:50 UTC
Er det ulovleg kjøpe skog i Noreg og ikkje drive hogst?
Altså, gitt at ein kjøper utmark, vil dette normalt vera regulert næringsareale elns, og dermed skal skogen verte hogd når trea er passe gamle? Om ein ønsker drive «rewilding», eller berre verne ein hyggeleg krok, må ein vel kjøpe det og gamble på at ein får det omregulert til park/fritidsområde/elns?
Ser ein på https://frivilligvern.no , er det klart at ein må søke, og er budsjettet tomt for i år, får paradoksalt nok grunneigar ikkje lov verne noko hen eig sjølv. Dette gjeld rett nok fredning, ikkje berre late arealet ligge brakk.
For nokre få år sidan, såg eg nokon som starta ei skiping for å samle inn pengar for å kjøpe opp skog/utmark for drive privat vern, men det gjekk jo ikkje så bra: https://minvillskog.no/2026/02/18/en-ryddig-avslutning-og-en-stor-takk/
Redigert: Rydda litt i språket.
Replies (0)
No replies.