Elektrine lite

← Feed

@Lemmus@social.vivaldi.net

Post #1107516

2026-04-10 14:04 UTC

Slo meg at dei aller fleste menneske lev _kun_ i ei verd der «meh, nære nok» og «kutt ut det pirket» er heilt saklege setningar, og eg lurer på om det bidreg til gjera folk ekstra sårbare for produkta frå genAI. Eg har sett spesielt advokatar og programmerar vera grupper der dei som reagerer negativt til genAI reagerer ekstremt negativt: Med andre ord yrke der er det ikkje _heilt_ rett, er det ofte berre søppel. «Der bomme med 1 er verre enn bomme med ein faktor 100.» Ein ting er at tenke formelt vanlegvis er innlært eller rekna som nevroatypisk, ein annan ting er at dei fleste er sosialisert til at det er ein uting.

Replies (0)

No replies.